Billedserie frå Stall Valle, ein gard med engasjerte eigarar

Går du opp ein bakke frå busstoppet ved Nystad i Bodø, kjem du til Stall Valle. Ragnar og Nina Mogstad har drive denne garden i 20 år, med både kattar, hestar og høylandsfe.
Engasjert driver: Nina Mogstad har eit nært band til hestane sine.
Tamme hestar: Hestane er nysgjerrige på framande menneske.
Matstasjon: Utanfor vintergjerdet kan dei ete og drikke i fred.
Solid gjerde: Når hestane er ute er dei trygt inngjerda.
Stor tumleplass: Skogen er ein fin plass å leika på.
Tilrettelagt for mange dyr: Stort vintergjerde, ridebane, stall og uteplass til å søke ly for uvêr, er noko av tumleplassen til dyra på garden.
Bygd opp i høgda: Ridebanen, som har det beste ridedekke på marknaden, er bygd opp i høgda og har difor god utsikt.
Tiltrekkande utsjåande: Blikkfanget når du kjem opp bakken til stallen, gir deg ein varm velkomst.
Romsleg plass: Stallen har stor inngang, plass til utstyr, i tillegg til 9 store båser.
Drikkevatn i båsane: Båsane er utstyr med rennande drikkevatn, der dei fyll opp vatn i bøtter i tillegg, viss det er behov.
Kraftfôr til hestane: Kraftfôret består av ulike kornsortar, mellom anna bygg og kveite.
Salt er viktig: Alle hestar treng salt, så ute er det også sete ut saltblokker.
Mykje utstyr: Når du driv med hest treng du mykje utstyr, men Stall Valle har god plass.
Personlege grimer: Alle hestane har namn, der namneskiltet er plassert over grima.
Ridehjelmar for barn: Ved sida av grimene heng det ridehjelmar til borna som går på rideskule her.
Forskjellige ridebørstar: Ridebørstane ligg for seg sjølv, lett tilgjengeleg.
Ekstra utsett når du jobbar med hestar: Det er viktig å ha førstehjelpsutstyr i stallen.
Kost vekk høy og andre ting som hamnar på golvet: For å unngå for mykje støv i stallen, blir kosten ofte brukt.
Hovslagarbenk med verktøy: Ragnar Mogstad er hovslagar og kan difor sko hestane.
20 ulike hesteartar: Mange av hestane som er på garden, er hestar som elles hadde vore avliva.
Sussi kosar seg inne på salrommet: Det er to kattar i stallen, Sussi og Netti.
Oppvarma salrom: Varme på salrommet gjer at det er godt å sitte i salen når det er kaldt ute.
Grillhytte med god plass: Grillhytta har både sitteplasser og steikehelle til å varme seg og lage mat i.
Straum i hytta: Når det er mørkt ute er det godt å kunne slå på parafinlampa.
Oppe frå bilvegen: At garden ligg skjerma frå hovudvegen, gjer at dyr og menneske ikkje blir forstyrra, samstundes som det gir fin utsikt.