Dødsulukke på Stord
Den avdøydde guten var med fire andre på byggeplassen ved Nysæter ungdomsskule på Stord. Guten blei først frakta til Stord sjukehus etter at politiet fekk melding om ulukka rett før klokka 20.30 sundag 2. januar, før han blei frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus (Nybø. 2022b). Der blei han erklært død måndag 3. januar, opplyser politiet. 17- åringen var elev ved Stord vidaregåande skule, som måndag flagga på halv stong (Nybø, 2022a).
Entreprenørselskapet som arbeide på åstaden vedtok tysdag 4. januar å stoppe vidare arbeid på området for ein periode. Selskapet har drive på med riving og bygging ved Nysæter ungdomsskule sidan 2019 og har plan om å vere ferdig sommaren 2023 (Haugesunds avis, 2022).
Kjeldeliste
Haugesunds avis (2022, 4. januar). Stanser arbeidet etter dødsulykke: - Vi er trygge på at stedet har vært sikret. Plussak om arbeidsulykke på Stord.pdf
Nybø, H. V. (2022a, 3. januar). Mista livet i fallulukka. Mista livet i fallulukka (sunnhordland.no)
Nybø, H., V. (2022b, 3. januar). 17- åringen fall gjennom isoporplater. 17-åringen fall gjennom isoporplater (sunnhordland.no)