Gratis festival i nord som fortløpande jobbar for å engasjere deltakerar
Norsk forskingsråd arrangerer kvart år forskardagane i Nordland og Trøndelag, der Nord Universitet har eit særskilt ansvar, som den største aktøren. Geografisk blir det arrangert aktivitetar i halve landet, der NTNU koordinerer aktivitetar som skjer i Trondheim og sørover, og Nord Universitet koordinerer aktivitetane som skjer i Trondheim og nordover.
Haustarrangement over fleire dagar
Koordinatoren for Nordland og gamle Nord-Trøndelag, Per- Stian Michelsen Ekroll, seier at Nord universitet har eit særleg ansvar, sjølv om Senter Nordland også driv med mange aktivitetar desse dagane.
Kva tid er forskardagane?
Forskardagane går over 12 dagar i slutten på september og byrjinga på oktober kvart år, og i år er festivalen 21. september- 3. oktober.
Vidare fortel Ekroll at det offisielle namnet på arrangementet er forskardagane, men han kallar det sjølv for ein festival sidan det er aktivitetar som skjer ulike stadar i samfunnet.
Jobbar heile tida med å forbetre seg
På Nord universitet sine sider står det at temaet for årets arrangement er Hav og at Nord universitet har arrangert desse dagane i nesten 20 år.
Kva er målet med forskingsdagane?
- Målet er at forskarar i både kommunen, sjukehus og universitet delar kunnskap som ulike verksemder og institusjonar sit på, seier Ekroll.
Føler du det skapar engasjement?
- Ja, absolutt. Eg tenker noko av grunnen til at det skapar engasjement er at me heile tida jobbar med å bli flinkare på form og fasong. Me prøver å variere med video, fysiske arter og utfordre oss meir på video, podkast og korte arrangement.
At alle arrangementa er gratis, gjer det tilgjengeleg for alle, uavhengig av økonomisk status.