Dobbelt så mange sommarjobbar for ungdom
200 får jobbe med strandrydding og miljøoppgåver i fleire Nordland-kommunar.
Det er Stiftinga Vårt Hav som i år lyser ut 200 sommarjobbar som Miljøvegvisar, iføglge Helgelendingen. Det er dobbelt så mange som i fjor.
Dagleg leiar Ellen Sandvik Mikkelsen seier satsinga skal gi ungdom ansvar, moglegheiter og sterkare tilknyting til lokalsamfunnet.
I Nordland blir programmet gjennomført i Alstahaug, Dønna, Flakstad, Hadsel, Hemnes, Herøy, Leirfjord, Moskenes, Rana, Sortland og Vefsn.